28
mar
Seneste opdatering: 28/3-15 kl. 2119
5 kommentarer - Tryk for at kommentere!

På TV dukkede Jimmie Åkesson op hos Skavlan i et perfidt interview, man ikke ville have budt nogen anden politiker. Aftonbladet mente ikke det var perfidt nok, hvad AB mener er, at Åkesson set ikke skal være på TV som i de gode gamle dage før 2010. Niklas Orrenius skriver SD skrämmer människor på djupet, der synes at handle mere om hans egen angst. Rekonvalcenten Åkesson og indvandrene i videoen giver indtryk af at være de mest psykisk friske. Journalistpolitikernes taktik var at slide Åkesson op med chikane, og det lykkedes delvist. Nu tager de fat med nye kræfter. Tror Fanden han stødte ind i en betonmur. Videoen er ny, men delvist et ældre foredrag med Tino Sanandaji fra Axess i 2013. Se også det følgende med ham Multikulturen er død. Intelligentsian har bare ikke opdaget det.

Simpelt og hyklerisk av Skavlan

Av PER STEINAR RUNDE

Leiar for Sverigedemokratane, Jimmie Åkesson, var i går gjest hos Skavlan, men først på slutten av programmet (39 min ut i sendinga). Då måtte han sitje der åleine, like isolert som partiet hans har vore i svensk politikk og som han sjølv har hatt det som langtidssjukemeld pga depresjon og utmatting. Den til vanleg blide og vennlege Skavlan fekk brått panna full av rynker då han annonserte sitt siste intervjuobjekt, som om det var den personifiserte vondskap han venta på besøk. Smilerynkene kring auga var borte, medan panna vart lagt i djupe folder.

I første del av intervjuet var likevel Skavlan rimeleg høfleg og stilte fleire gode spørsmål. Men å spørje detaljert om behandling hos psykolog og bruk av medikament mot depresjon, er å gå over ei grense. Kjennskap til slike personlege opplysningar har ikkje offentlegheita noko krav på. Svært nedrig var det også å referere til påstandar om at Åkesson stilte opp fordi han trudde både han og Sverigedemokratane ville tene politisk på eit slikt intervju.

Ei dødssynd å stå på partiprogrammet og praktisere parlamentarisme?

Men då samtalen skifta til politiske spørsmål, gjekk det frå vondt til verre. Det var ikkje lenger snakk om eit intervju, men eit forhøyr, der Skavlan lente seg framover i ein aggressiv positur og avbraut Åkesson gong etter gong. Først tok Skavlan opp spørsmålet om Sverigedemokratane under Åkesson ville felle ei kvar regjering som gjekk inn for auka innvandring. Uavhengig av kva svar han fekk, vart spørsmålet gjenteke gong på gong, som om dette var eit fullstendig uakseptabelt standpunkt. Men politikarar som står på programmet dei er valde på, er grunnlaget for tillit til vårt representative demokrati. Og inga regjering kan styre utan å ha fleirtalet av dei folkevalde i ryggen. Det er det essensielle i parlamentarismen. Sjølv med nær ein million veljarar bak seg har likevel ikkje Sverigedemokratane makt til å felle regjeringa. Skjer det, har større partigrupper størst ansvar, også for å gje landet ei ny regjering.

“Kakerlakkar” i Sverige og Noreg

Dei viktigaste skuldingane Åkesson vart møtt med i ‘forhøyret’, var bygt på sitat frå partimedlemmer og -tillitsvalde på lågare nivå. Skavlan hadde leita grundig heile tretten år attende og frå denne tida funne ei handfull utsegner som han fann rasistiske. Det hjelpte ikkje at Åkesson sjølv tok avstand frå slik språkbruk og kunne fortelje at dei fleste personane det gjaldt alt var ekskluderte frå Sverigedemokratane. Viss andre partileiarar i Norden skulle stå til ansvar for alt medlemmene i partiet deira har ytra siste ti åra, ville det blitt folksamt i studio. Sjølv tidlegare justisminister Anne Holt kalla meiningsmotstandarane sine for “kakerlakkar” i ei twitter-melding. Eg kjenner ikkje til at ho er ekskludert frå Arbeidarpartiet av den grunn; heller ikkje at Jagland eller Støre har blitt kalla inn på teppet og stilt til ansvar for hennar utsegn. Det er såleis ikkje orda i seg sjølv som er problemet, men kven som kjem med dei og kven dei er mynta på.

Valkampvideo om å dra i nødbremsa merka “pensjonar” eller “innvandring”

Skavlan hadde likevel ikkje funne fram ei einaste upassande utsegn frå Åkesson. Kva skulle han då ‘ta’ han på? Jau, ein ti sekunds video produsert av Sverigedemokratane til valkampen i 2010. Der kan vi sjå to eldre kvinner med nokre burkakledde personar i hælane på veg fram mot skranken i eit vallokale. Der har dei to nødbremser å velje mellom, merka ‘pensjon’ eller ‘innvandring’. “Stereotypisk og rasistisk”, påstår Skavlan, “det setter folkegrupper opp mot hverandre”. Slik for så vidt også vårt eige Brochmann-utval har gjort, som seier at innvandring og velferdsstat let seg vanskeleg sameine. Eller som eg sjølv skreiv til slutt i innlegget “Innvandring og økonomi”: “Fram til då får alle innvandringsliberale seie ope og ærleg at dei prioriterer utlendingar framfor fattige, arbeidslause, sjuke, uføretrygda og eldre blant sine eigne landsmenn. Noko anna vil vere hykleri eller kunnskapsløyse.”

Hykleri og dobbelmoral. Verre å peike på eit problem enn å skape det?

Skavlan er hyklerisk når han skuldar Åkesson for dårleg framstilling og behandling av andre, men sjølv nettopp har gitt eit eksempel på slett menneskebehandling. Åkesson var roleg og beherska, svara høfleg på alle spørsmål og prøvde fleire gonger å forklare poenget med denne videoen. Men ved alle forsøk på å kome inn på politiske realitetar, vart han avbroten av Skavlan, som regel før han fekk ta ordet ‘innvandring’ i sin munn. Skavlan burde heller ha stilt regjeringspartia i Sverige gjennom dei siste tiåra til ansvar for det dei har gjort, eller dei styrande i Noreg i same periode, for den del. Men det skjer aldri, for å køyre heile land i grøfta økonomisk og sosialt, har vorte god og anstendig politikk, men å påpeike dette faktum er derimot unemneleg og moralsk forkasteleg. Og spørsmålet til Skavlan om ikkje Sverigedemokratane har vore ein pådrivar for eit polarisert og dårleg politisk klima, synest underleg all den tid politikarane frå dette partiet blir behandla som spedalske av sine kollegaer i Riksdagen.

NRK sitt ansvar

Vi er litt stolte over ikkje å ha privatfinansiert, politisk reklame i etermedia her til lands. Men kva skal venstresida med det, når to millionar husstandar er pålagde å betale nær tre tusen kroner kvar for positiv omtale av deira politikk og utskjelling av andre sin i NRK? I tillegg til desse seks milliardane kjem ein ekstra for pressestøtte til godkjende aviser og eit ukjent beløp til alle pressgrupper og særinteresser. Men eg synest trass alt eg får litt valuta for pengane, for NRK har enno mange program som er betre enn alt tøvet på reklamefinansierte kanalar.

Dette Skavlan-programmet er det likevel fleire enn eg som har reagert på. Her er omtalen i Aftenposten, Dagbladet og TV 2.

Annoncer fra Danske Partner-Ads:


Donér engangsbeløb?Kan du forpligte dig til fast betaling?

  • machiavelli

    Ja multikulturen er død, stendød. Derfor er det faktisk overraskende, at mennesker der beskæftiger sig med den store verden,ofte i form af lektorer, professorer osv., ikke kan læse skriften på væggen. Udviklingen i sin nuværende form vil føre til økonomisk og social/kulturel kaos. Man bliver nødt til at stoppe indvandringen far Afrika og Mellemøsten,hvor der tilmed bliver værre og værre at leve.

  • ramonafransson

    Ja, Tino Sanandaji uttryckte det så enkelt och så rätt. En familj tar hand om ett “ponera” ensamkommande barn. Är det verkligen realistiskt att detta omhändertagna och välkomnande ensamkommande barn utan att fråga familjen skulle bjuda in tio i samma situation? Verkligen? Tror inte det! För vad det skulle betyda i praktiken är att familjen plötsligt skulle få väldigt ont om plats, otroligt mindre pengar i sin plånbok, och det första ensamkommande barnet skulle plötsligt få slåss om de smulor som delades ut, vilket i sin tur skulle leda till slagsmål och stark rivalitet. Varför ser jag Sverige i den spegeln? Varför?

  • Niels Henriksen

    Dagens gode grin 🙂

  • Peter Buch

    Per Steinar Runde skiver: “Kjennskap til slike personlege opplysningar har ikkje offentlegheita noko krav på.”.
    Dertil kan jeg mene at det er svært at vide hvad offentligheden har krav på, for et er vel juridisk belæg, der også kan vurderes, noget andet selve eksistensen af faktoren- offentligheden. En definering af offentligheden og hvor dens gænser drages, såfremt dette gøres, er vel her i den grad passende. Selv i kort form vil en sådan perspektivering udelukkende være med til at give argumenterne vægt.

  • Lenn

    Kritikken fortsætter med at hagle ned over Skavlan efter det famøse interview med Åkesson. Det fortjener han! http://www.vg.no/rampelys/tv/nrk/sandberg-mitt-besoek-hos-hatefulle-sk avlan-var-det-aller-verste/a/23426058/